Loen Skylift

Ønsker du å oppleve Hornindal og Loen Skylift i vår og sommer?

Loen Skylift ligg i bygda Loen, inst i Nordfjord i Sogn og Fjordane fylke mellom Ålesund og Bergen. Fjordstasjonen ligg like ved Rv 60, berre knappe tjue minutt frå Hornindal og Havila Hotel Raftevold.

Fjell og Natur i Hornindal

Fjell og naturopplevingar i Hornindal

Hornindal er mest kjent for den djupeste innsjøen i Europa, men og de nærliggende fjellene som omringer den fantastiske plassen. Med et mangfold av gode og nye turstier, har du muligheten til å se regionen fra et helt annet perspektiv.

Det er mange fjell som knivar om merksemda i Nordfjord. Men Hornindalsrokken stikk seg fram. Med sin kvasse profil er det nesten umogleg å ikkje bite seg merke i fjelltoppen nord for Hornindalssætra. Men korleis ser verda ut frå toppen? Hornindalsrokken, eller “Rokken” som ho vert kalla blant vener, spelar tøffare enn ho er. Frå inst i Sætredalen går stien bratt oppover, men det går overraskande lett for fjellvande vandrarar.

Frå Horndøla bru er det 1,5 km på bomveg opp til Hornindalssætra. Rett før sætra er det laga parkeringsplass for bilar. Oppe i fjellsida, vest for sætra, går ein tidlegare anleggsveg inn til foten av Hornindalsrokken. Vegen er lett og fin å gå på. Ein kan rekne ca 1,5 t frå sætra og til foten av Hornindalsrokken.

Lengst inne i dalen går ein mellom dei to vatna (Blåvatnet og Store Luka). Herifrå går stien bratt oppover, omtrent rett nord, langs eit tydelig skrådrag opp heile fjellsida. Når ein kjem opp på kanten, må ein ikkje gå direkte mot toppen. Frå denne sida må ein klatre for å kome opp. Du må derimot halde deg nede i sida, runde toppen og kome opp på nordaustryggen som du følgjer til topps. Siste delen er bratt og luftig.

Kombiner fjell og naturopplevingen med en hyggelig overnatting hos oss!

Om du ønsker guide, står vi behjelpelig med det, og om du ønsker å oppleve naturen på egen hånd, kan turkart hentes i resepsjonen.

Hotell Ivar Aasen © 2018