Havila satsar stort på Grodås

– Kjøpet av Raftevold Hotel var ikkje tilfeldig. Snarare ein viktig del av det turistproduktet Havila-konsernet med Sævik-familien som eigarar er i ferd med å byggje opp, seier Gunther Dahler, reiselivsdirektør i Havila Hotels.

Same eigar som no eig Havila Hotel Raftevold eig 51,5 prosent av Fjord1. Og Fjord1 eig 30 prosent av Widerøe. I tillegg kjem eigarpostar i The Fjords, FjordNorge, Geiranger Fjordservice og Smyrillines, for å nemne noko.

Gjester frå Kystruten

– Havila-konsernet er store innan reiseliv og er i ferd med å byggje opp noko som skal bli veldig bra. Vi har Kystruten, med fire skip. Frå 2021 vert strekninga Bergen-Kirkenes redusert frå 11 til sju skip, medan vår Kystruten skal ha dei fire siste skipa. I oppbygginga av det produktet, tenkjer vi blant anna Hjørundfjorden som del av Kystruten, og med moglegheit for passasjerane å hoppe av og ta overnattingar på hotell. Både turistane frå Kystruten og dei mange individuelle turistane vil gjerne ha med seg Runde, Ålesund, fjordane og ein gondol. Då ligg både Raftevold og Ivar Aasen i Ørsta midt i smørauget, seier Gunther Dahler og Anders Aarebrot som er dagleg leiar ved Havila Hotel Raftevold.

Hagen og vatnet

Då Havila vurderte kjøp av Raftevold Hotel, såg dei stort potensial i mykje. Ikkje minst hagen og vatnet.

– Hotellet var flott, særleg på grunn av hagen. Den er ei perle, ei oase. Og no skal vi investere eit betydeleg beløp på å oppgradere hagen skikkeleg. Med beplantning, terrasse, sitjegrupper, ein liten sandstrand og muleg opning for gangpassasje langs vatnet. Tidlegare hotelleigar sa nei, men vi stiller oss positive til kommunen sine planar om gangveg langs vatnet heilt fram til museet. Både fordi vi ønsker å opne opp, og fordi vi ser stort potensial i museet som attraktiv stad å besøkje for gjestane våre. Ein del av gangstien kan og bli bru over småbåthamna, seier Dahler.

Hagearbeid: – Gravemaskina kom før helga, og arbeidet med betydeleg oppgradering av hotellhagen er i gang, seier dagleg leiar ved Havila Hotel Raftevold Anders Aarebrot t.v. og reiselivsdirektør i Havila Hotels Gunther Dahler. 
        
            (Foto: Bengt Flaten)

Første del av hotellhagen skal vere ferdig opparbeidd allereie til påske. Entreprenøren har frist til 1. mai på å ferdigstille resten.

– Så ønskjer vi å leggje ut flytebrygge framom hotellet. Vi har akkurat sendt søknad om dette til kommunen, der vi og legg opp til aktivitet på vatnet i form av båt som kan ta 40–50 passasjerar. Dette vil vere eit tilbod for våre gjester, men og for andre. Nordfjord Havn er positive til ein ny aktivitet også for deira cruiseturistar, seier Dahler.

Julebutikk frå Audhild Viken

Når han snakkar om å ta i bruk Anders Svor museum i større grad, er det berre eitt av fleire lokale tilbod han ønskjer hotellet skal byggje opp om.

– Vi tenkjer at det å drive hotell lokalt og handlar om å bidra lokalt. Skapar vi gode aktivitetar, skal og andre kunne dra nytte av det og oppleve utvikling. Anten det er i Grodås sentrum eller i bygda elles. I november og desember i år vil Audhild Vikens vevstove på Skei kome og etablere julebutikk i dei gamle banklokala på Grodås. Eit godt tilbod for våre og tilreisande gjester, og som forhåpentlegvis og gir auka trafikk for andre. Havila Hotel Raftevold ønskjer og å sjå på mulegheitene for å utvide sesongen, både for turisme og innan konferansemarknaden. Det vi gjer no med hage, brygge og båttilbod på vatnet er berre starten på kva vi vil sjå frå Havila på Grodås, seier Gunther Dahler.

Artikkel og bilde henta fra Fjordingen

Hotell Ivar Aasen © 2018