Har opna Dølen Eteri
Kaféen på hotellet har fått ny utforming med nye tilbod til kundane, og rommet har fått ny design med fototapet på ein vegg. Biletet syner den gamle ”Dølen” som trafikkerte på Hornindalsvatnet i lange tider.
I kaféen er hyllene fylde av mykje snadder som saft og syltetøy, sausar, tilbehør til ulike rettar, sirup, kaffi og te. Kaffien kjem rett nok frå El Salvador, med hint av både sjokolade, fersken og rosiner. Verksemda som importerer kaffien, ligg i Ålesund.
– Det er spesielle varer og unike produkt. Det meste er norsk og lokalt, fortel Johanne Dybdevold. Ho framhever at bakervarene i hovudsak kjem frå Geiranger bakeri si avdeling i Volda. Kvalitet og nærleik var viktig for val av leverandør.
– Då er varene ferske når dei kjem. I tilleg bakar vi litt sjølv, seier ho og på spørsmål kva som er hennar favoritt får vi vite at det er solskinsbollene. Menyen på First Hotel Raftevold har fått nye innslag, men sosakjøt og klubb blir nok verande.
– Vi må ha både tradisjonsmat og litt nytt, seier Johanne Dybdevold.
A